Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møter den amerikanske kollegaen sin Mike Pompeo i Washington tysdag. Ho vil ta opp USAs nye ståltoll.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 21.06.2018 kl 19:21
Det er det første offisielle møtet mellom dei to som utanriksministrar, opplyser utanriksdepartementet i ei pressemelding. Søreide vil også møte andre aktørar i amerikansk utanriks- og tryggleikspolitikk, blir det opplyst vidare.
- God dialog med kollegaen min Mike Pompeo og andre sentrale aktørar i Washington er viktig for å byggje vidare på det solide forholdet mellom Noreg og USA. Regelmessig politisk kontakt gir innsikt i amerikansk tenking rundt sentrale regionale og globale spørsmål og høve til å fremje norske synspunkt og vurderingar. Det vil til dømes vere naturleg å ta opp spørsmålet om innføring av beskyttelsestoll på import til USA av stål og aluminium frå Noreg, seier Søreide i pressemeldinga.
Også Nato og transatlantisk tryggleik vil vere tema i møta, som skjer i forkant av NATO-toppmøtet i juli.
Søreide skal også møte representantar i Kongressen og «leiande tankesmier». Hos ein av dei, Atlantic Council, skal den norske statsråden halde foredrag om transatlantisk tryggleik.
Besøket i Washington varer frå søndag til tysdag, og det følgjer eit besøk i New York. Der lanserer utanriksministeren og kronprins Haakon Noregs kandidatur til ein plass i FNs tryggingsråd i perioden 2021-22.
(©NPK)
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er på veg til USA. Neste veke møter ho sin amerikanske kollega Mike Pompeo. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.