Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Nord-Korea snur og gir grønt lys til dei åtte sørkoreanske journalistane som vart nekta innreise til landet i samband med nedlegginga av eit atomtestanlegg.
lars.eide@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 23.05.2018 kl 07:53
Ei lita gruppe utanlandske journalistar kom til Nord-Korea tysdag. Dei sørkoreanske journalistane var også inviterte, men hadde ikkje fått stadfesting frå Pyongyang før avreise. Onsdag fekk dei likevel grønt lys av gjenforeiningsdepartementet.
- Styresmaktene vil sette i gang nødvendige tiltak for journalistane, som å godkjenne innreise til Nord-Korea og tilby transport, heitte det frå departementet.
Dei andre journalistane som får høve til å få med seg øydelegginga av testanlegget i Punggye-ri, kjem frå USA, Russland, Kina og Storbritannia. Dette er venta å skje ein gong mellom onsdag og fredag, avhengig av vêret. Sjølve anlegget ligg såpass aude at det vil ta 20 timar med tog og buss frå Pyongyang for å komme dit.
Kinesiske geologar hevda tidlegare i år at testanlegget alt er delvis øydelagt, noko som skjedde etter ei atomprøvesprenging i september i fjor.
Satellittbilde av anlegget viser ifølgje vestlege ekspertar at arbeidet med å avvikle anlegget begynte i midten av mai.
Nord-Korea har gjennomført seks atomprøvesprengingar i Punggye-ri. Den siste var så kraftig at den utløyste eit jordskjelv med ein styrke på 6,3.
(©NPK)
Ei gruppe utanlandske journalistar er no på plass i Nord-Korea for å dekke øydelegginga av eit anlegg for atomprøvesprengingar i Punggye-ri. Dette satellittbildet er frå mars i år. Foto: Airbus Defense and Space / 38 North / AP NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.