Sp-leiaren avviser Høgre-flørt

- Ikkje aktuelt, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes (Sp) som opnar for å sitje i regjering med Høgre.

- Ikkje aktuelt, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum om Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes (Sp) som opnar for å sitje i regjering med Høgre.

Vigdenes fekk på seg ordførarlenka i Trøndelags-kommunen Stjørdal i 2013 som følgje av eit samarbeid med Høgre, Frp, KrF og Venstre. Han var tidlegare politisk rådgjevar for dåverande olje- og energiminister, Sp-nestleiar Ola Borten Moe.

No meiner han at Senterpartiet må opne for å sjå til høgre på riksplanet òg.

- Eg trur at eit slikt samarbeid kan skje nasjonalt òg. Viss Sp får gjennomslag for politikken sin, trur eg det kan skje, sa Vigdenes i Politisk kvarter på NRK torsdag.

Overfor NTB presiserer han at det akkurat no er stor avstand mellom Sp og Høgre nasjonalt.

- Høgre gjennomfører ei rekke reformer som er svært sentraliserande. og som vi er mot. Men på sikt kan vi ikkje sjå vekk frå eit slikt samarbeid, seier Vigdenes.

Ingen diskusjon

Partileiar Vedum ser ikkje det som aktuelt i det heile.

- Dei store sakene frå regjeringa handlar om sentralisering, enten det handlar om kommunereform og regionreform eller politireform. Der er vi det tydelegaste opposisjonspartiet med heilt andre løysingar. Det er ei avsporing å snakke om noko regjeringssamarbeid mellom oss og Høgre. Dette er ikkje noko å diskutere, seier Vedum til NTB.

Landsmøtevedtak

Samtidig meiner han det er «heilt greitt» at Vigdenes opnar for å samarbeide i borgarleg retning.

- Eg opplever òg at Vigdenes meiner at eit slikt samarbeid nasjonalt ikkje er aktuelt no. Partilinja er vedteken av landsmøtet. Vi ønskjer ei regjering basert på Senterpartiet og Arbeidarpartiet, seier Vedum.

Lokalt er det likevel ikkje noko landsmøtevedtak i nokon retning.

Høgre-overgangar

- Du kan ikkje trekkje ei direkte samanlikning mellom lokalpolitikk og rikspolitikk. Eg sit ikkje i Oslo og meiner noko om kva som er rett for Senterpartiet i Stjørdal, Tromsø eller andre kommunar, seier Vedum.

At statsminister Erna Solberg (H) ber partifellane sine ta ein kaffikopp med senterpartifolk, tek Vedum med ro.

- Men ho kjenner nok litt på utfordringane og konkurransen frå oss. Vi opplever veksande motstand i Høgre rundt om i landet mot sentraliseringslinja til regjeringa, og tidlegare Høgre-folk melder seg inn hos oss, seier Vedum.

(©NPK)

Stjørdal-ordførar Ivar Vigdenes (Sp, til venstre) hadde med seg blomstrar til statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg da ho besøkte dei amerikanske styrkane på Værnes tysdag. No opnar han for at Senterpartiet på sikt kan gå i regjering med Høgre. Elles på biletet den amerikanske ambassadøren, Kenneth Braithwaite, oberst Burl Hudson som leier den amerikanske styrken på norsk jord og oberstløytnant Egil Haave frå HV-12, som er vertskap for amerikanarane. Foto: Ned Alley / NTB scanpix

God stemning mellom statsminister Erna Solberg (H) og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum etter partileiardebatten i Arendal i august. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse