- SpaceX utset plan om å sende turistar rundt månen

SpaceX utset planen om å sende turistar rundt månen frå i år til neste år, skriv Wall Street Journal.

- Eit nytt tidsskjema for reisa, som no er utsett i alle fall til midten av neste år og truleg enda lenger, har enno ikkje blitt lagt fram, skriv Wall Street Journal.

Årsaka til utsettinga er uklar, men ifølgje avisa er den «eit teikn på at tekniske og produksjonsmessige utfordringar hindrar planen til grunnleggjaren av selskapet, Elon Musk, om menneskeleg utforsking av solsystemet».

- SpaceX er også gjenstand for uvisse om det er stor nok etterspurnad på marknaden for Falcon-raketten til selskapet, skriv avisa.

Planen går ut på å bruke den kraftigaste raketten til SpaceX, Falcon Heavy, som gjennomførte den første testflyginga si for berre fire månader sidan, til å frakte romkapselen Dragon med turistar om bord ut i rommet og i bane rundt månen.

- Vi planlegg framleis å fly privatpersonar rundt månen og det er aukande interesse frå mange kundar, uttaler talsmann for SpaceX, James Gleeson.

To ikkje namngitte privatpersonar har allereie betalte eit betydeleg depositum for å vere med på den første reisa, tvitra Musk i fjor.

(©NPK)

Annonse