Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Spania vart fredag første europeiske lag som har kvalifisert seg til neste års fotball-VM for kvinner. Det skjedde då Austerrike slo Finland.
sjur.natvig@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 19:32
Spania tok torsdag sin sjette siger av like mange moglege i kvalifiseringa med 2-0 over gruppejumbo Israel. Då var Finland einaste lag med teoretisk moglegheit til å ta frå Spania gruppesigeren.
Det kravde derimot at finnane måtte vinne sine fire siste kampar, og fredag vart det 0-2-tap heime mot Austerrike. Eit tidleg sjølvmål av Emma Koivisto gjorde det vanskeleg for heimelaget, og Katharina Schiechtl fastsette resultatet i 2. omgang.
Dermed er Spania klar som den første av sju europeiske gruppevinnarar som alle får VM-billett. Vertslandet Frankrike er automatisk kvalifisert.
Den niande og siste europeiske VM-deltakaren vert kåra i omspel mellom dei fire beste toarane.
(©NPK)
Spania, her ved Alexia Putellas, vart første europeiske lag som vann si gruppe i kvalifiseringa til fotball-VM for kvinner. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.