Sprintkongen møtte kongen for første gong

Skøytesprintaren Håvard Holmefjord Lorentzen, OL- og VM-vinnar sist vinter, fekk endeleg treft idrettsinteresserte kong Harald i Oslo torsdag.

Lorentzen var førre sesong konge på isen. Han tok gull og sølv i OL og sikra også VM-tittelen i sprint. Torsdag heldt regjeringa si tradisjonelle mottaking for å markere den norske innsatsen i OL og Paralympics, og Lorentzen fekk helse på kongen.

- Det var utruleg kjekt og kult å møte han. Eg fekk ein gratulasjon frå han etter OL og VM, så han følgjer med. Det set eg utruleg pris på, sa Lorentzen til NTB.

- Korleis ligg du an så langt i sesongførebuingane?

- Det går bra med treninga. Eg er i god rute, og om ei veke reiser vi til Heerenveen for å gå på is. Eg føler faktisk at eg ligg litt før der eg var i fjor. Eg trur eg kan få ein raskare 100-meter, sa Fana-løparen.

- Korleis skal du følgje opp ein slik eventyrleg sesong du hadde?

- Det blir jo ikkje lett, men eg ser småting som kan forbetrast. Det er jo ikkje OL til vinteren, så det kan eg ikkje forsvare, men eg kan jo forsvare VM-tittelen og ta nokre fleire verdscupsigrar, sa Lorentzen.

Lorentzen er også ein svært fotballinteressert idrettsutøvar og gler seg stort til fotball-VM i Russland.

- Kven har du som favoritt?

- Eg er ein stor Barca-fan, og det ville vore kult om Lionel Messi hadde fått tittelen sin. Eg held elles ein liten knapp på Frankrike, for dei har jo eit veldig bra lag. Hjartet seier Messi og hjernen Frankrike.

(©NPK)

Kong Harald og prinsesse Märtha Louise møtte dei norske OL-utøvarane i Parkveien 45 torsdag for å markere innsatsen i dei olympiske og paralympiske leikar i Pyeongchang 2018. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Annonse