Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. juli vere 2,33 prosent for tre års bindingstid, 2,68 prosent for fem år og 3,14 prosent for ti år.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 20:16
- Tre års fastrente stig med 0,010 prosentpoeng samanlikna med dagens rentesats, medan fem og ti års fastrente held seg uendra, seier kommunikasjonsdirektør Solbjørg Sørensen i Lånekassen.
Flytande rente frå 1. juli er 2,080 prosent, altså lågare enn fastrentene.
Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10. til 17. juni.
- Dei som avsluttar utdanninga si denne våren, kan også binde renta frå 1. juli, seier Sørensen.
Ikkje alle med flytande rente kan binde henne. Kundar som har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje gjere det.
610.000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet, medan 56.900 har fast rente.
Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.
Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.