Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Oslo Børs' hovudindeks enda på 878,81 poeng og gjekk opp med 0,03 prosent på ein god fredag for Statoil. Oljeselskapet held fram med å stige.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 11.05.2018 kl 18:46
Då børsen stengde, hadde oljeselskapet, som ifølgje E24 onsdag var verdt over 700 milliardar kroner for første gong, gått opp med 0,98 prosent.
Statoil var også dagens mest omsette selskap.
Nest mest omsett var Subsea 7, eit selskap som steig 3,40 prosent. Oppgangen kjem same veke som Subsea 7 teikna ein milliardkontrakt med Statoil i samband med inspeksjon, reparasjonar og vedlikehald (IMR) på norsk sokkel.
Dagens store vinnar var programvareselskapet Induct, som hadde stige med heile 16,67 prosent då børsen stengde.
På motsett ende av skalaen var Techstep, som søkkte med 6,71 prosent. Samtidig hadde sjømatselskapet Marine Harvest ein fredag der aksjekursen fall med 3,5 prosent. Dette på ein dag der sjømatindeksen på Oslo Børs fall med 1,93 prosent.
Prisen på nordsjøolje hadde søkke noko fredag ettermiddag. Eit fat blei ved 17.50-tida omsett for 77,30 dollar. Det er ein nedgang 0,27 prosent frå opninga. Amerikansk råolje låg på 71 dollar på same tidspunkt.
Den svake nedgangen i oljeprisar kom på ein fredag der fleire av dei store børsane hadde relativt små kursendringar. Rundt klokka 17.30 hadde Frankfurt-børsens indeks DAX 30 gått ned 0,17 prosent, medan London-børsens FTSE 100 hadde ein oppgang på 0,31 prosent.
Paris-børsen CAC 40 hadde på si side ein liten nedgang på 0,07 prosent.
(©NPK)
Oslo Børs steig svakt fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix