Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Statoil har vedteke å selje sin del på 17 prosent i Alba-feltet på britisk sokkel til Verus Petroleum.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 30.04.2018 kl 12:07
Alba er eit oljefelt på britisk side i Nordsjøen der Statoil vart partnar i 1995. Chevron er operatør på feltet, som hittil har produsert 420 millionar fat olje. Statoils eigenproduksjon i 2017 var på om lag 2.300 fat olje per dag.
- Med denne transaksjonen fokuserer vi ytterlegare på kjerneverksemda vår, i samsvar med strategien vår om høg verdiskaping og låge karbonutslepp, seier Hedda Felin, som er direktør for Statoils offshoreverksemd i Storbritannia og Irland i ei pressemelding.
Statoil har over 450 tilsette i Storbritannia, med kontor i London, Aberdeen og Great Yarmouth.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.