Klargjør siden...
Annonse

Statsminister Abe igjen vald som partileiar i Japan

Statsminister Shinzo Abe i Japan vann leiarvalet i det liberaldemokratiske partiet torsdag. No vil han endre grunnloven i landet.

Abe vann over tidlegare forsvarsminister Shigeru Ishiba med 553 mot 254 stemmer.

63 år gamle Abe har vore statsminister i Japan sidan desember 2012. Når han no har blitt vald på nytt som partileiar for tre nye år, kan han bli den lengstsitjande statsministeren i august 2021.

Statsministeren stadfesta etter attvalet at han ønsker å endre den pasifistiske grunnloven i landet, som blei innført etter andre verdskrigen.

- Eg vil endeleg gå i gang med å revidere grunnloven. Dette har vi ikkje klart på dei 70 åra sidan krigen blei avslutta, og målet vårt no er å byggje ein ny nasjon mens vi ser mot framtida, seier Abe.

(©NPK)

Statsminister Shinzo Abe i Japan har blitt vald på nytt som leiar for det liberaldemokratiske partiet for tre nye år. Foto: Yohei Fukai / Kyodo News / AP / NTB scanpix

Annonse