Statsministeren på Madagaskar går av

Madagaskars statsminister Olivier Mahafaly Solonandrasana har gått av i eit forsøk på å løyse ein politisk krise i den afrikanske øystaten.

- Eg kan ikkje vere eit hinder for livet til nasjonen, sa Solonandrasana då han måndag leverte sin avskjedssøknad.

Tidlegare i år blei landet ramma av valdelege opptøyar og protestar mot nye vallover foreslått av president Hery Rajaonarimampianina. Opposisjonen meinte lovene hindera deira kandidatar i å stille til val.

Madagaskars grunnlovsdomstol avgjorde at fleire av lovforslaga måtte bli droppa. I tillegg fekk presidenten ordre om å danne ei ny samlingsregjering med ein ny statsminister.

(©NPK)

Annonse