Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Jon Georg Dale i Framstegspartiet stig i gradene med ansvaret for samferdselsdepartementet og tek over den tunge jobben med å forsvara aukande bompengar.
per.christensen@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 31.08.2018 kl 17:54
Dale var ein av tre Frp-politikarar som fekk nytt kontor fredag. Han rakk så vidt å forhandla ferdig ein krisepakke til det tørkeramma landbruket før han tok over posten etter Ketil Solvik-Olsen.
Dermed må han også prøve å bli forsona med bilistar i fleire byar som protesterer mot at nye samferdselsprosjekt til dels skal finansierast med bompengar.
- Som Frp-mann skulle eg gjerne gjort meir for å få ned bompengedelen. Men vi innrettar oss til stortingsvedtak. Derfor kjem det til å vera bompengar i Noreg også framover. Klarar vi å redusera kostnadene på prosjekta, kan vi også få ned bompengedelen. Det er ambisjonen min, seier Dale.
Eit skifte frå Landbruksdepartementet til Samferdselsdepartementet er å rekna som eit opprykk for ein statsråd frå Framstegspartiet. Kjøtskjeraren frå Volda blir ofte nemnd som ein mogleg partileiarkandidat, men gjekk rundt grauten fredag.
- Eg er ein veldig ambisiøs type. Men no har eg fått denne jobben, og eg skal nok konsentrera meg om å få oversikt her før eg legg vidare karriereplanar, sa han.
Mens Frps nye samferdselsminister gjerne skulle kutta i bompengane, ville den nye olje- og energiministeren Stein-Børge Freiberg helst opna oljebrønnar i Lofoten og Vesterålen.
Begge må innretta seg etter samarbeidet med Høgre og Venstre og leggja band på ambisjonane.
Freiberg har tidlegare vore ordførar i Hadsel kommune i Vesterålen og markert seg som ein tilhengjar av oljeverksemd i nord.
- Denne perioden kjem det ikkje til å bli konsekvensutgreiing, for det er avklart, konstaterer han med tilvising til regjeringsplattforma. Der fekk Venstre gjennomslag for å freda områda Lofoten, Vesterålen og Senja.
- Men eg trur Nordland VI og VII, altså Lofoten og Vesterålen, kjem til å vera eit tema i framtida. Den debatten er ikkje over, lovar han.
Rokeringane fredag skaffa også den kjende Frp-profilen Bård Hoksrud ein plass ved kongens bord som landbruks- og matminister.
- Eg er glad i mat. Det er ikkje vanskeleg å sjå. Derfor gler eg meg til å arbeida med mat - og matproduksjon, sa han, og la til at han gjerne vil leggja til rette for at fleire vil satsa i landbruket.
Ifølgje statsminister Erna Solberg (H) var statsrådsskifta fredag planlagt sidan før sommaren, sidan både Søviknes og Solvik-Olsen ønskte å gje seg.
Solvik-Olsen har meir enn ymta om at avgangen hans berre er ein pause frå toppolitikken, for å oppfylla ein lovnad til kona. Familien skal no bu eit år i USA, der kona skal arbeida som lege.
Statsministeren hyllar bidraget til Solvik-Olsen for å få på plass dei borgarlege samarbeidsavtalane.
- Eg ser fram til å halda fram å samarbeida med deg i framtida. Dette er ikkje eit farvel til politikken, sa ho og uttrykte håp om å kunna seia velkommen tilbake til Solvik-Olsen.
Sentralstyret til Framstegspartiet skal måndag ta stilling til om rogalendingen kan halda fram som nestleiar mens han bur i USA.
(©NPK)
Statsminister Erna Solberg (H) viste fram to ferske og ein flytta minister på Slottsplassen fredag. Kjell-Børge Freiberg (t.v.) er ny olje- og energiminister, Jon Georg Dale går frå jobben som landbruks- og matminister til å ta over Samferdselsdepartementet, mens Bård Hoksrud arvar statsrådsposten til Dale. Alle tre representerer Framstegspartiet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Jon Georg Dale (Frp) (t.h.) er den nye samferdselsministeren i landet og tek med det over ansvaret for eit viktig politikkområde for Frp. Han fekk nøkkelen frå nestleiaren i partiet Ketil Solvik-Olsen (t.v.), som skal bu eit år i USA med familien. Gorm Kallestad / NTB scanpix
Terje Søviknes (t.v.) overlèt nøkkelen til kontoret til olje- og energiministeren til partifellen og tidlegare Hadsel-ordførar Kjell-Børge Freiberg. Søviknes seier han går av for å vera meir saman med familien og driva lokal valkamp. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Bård Hoksrud (Frp) tok fredag over som ny mat- og landbruksminister etter Jon Georg Dale. Telemarkingen har tidlegare vore statssekretær i Samferdselsdepartementet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix