Stø kurs på Oslo Børs

Oslo Børs stod nesten stille fredag. Då børsen stengde, hadde hovudindeksen falle 0,03 prosent til 862,73 poeng.

Som det mest omsette selskapet i dag bidrog DNB til at Oslo Børs unngjekk raude tal. Bankgiganten steig med 1,1 prosent same dag som dei overtok lågpriskjeda Nille.

Samtidig sokk Statoil, som var nest mest omsett, med 0,2 prosent. Aksjekursen til Telenor heldt seg på si side nærmast uendra og enda med ein oppgang på 0,03 prosent.

Langt verre var det for I.M. Skaugen. Shippingselskapet stupte med 12,6 prosent, dagen etter at E24 skreiv at aksjonærane røysta for å få selskapet stroke frå notering på Oslo Børs.

Breibandleverandøren NextGenTel Holding, eit selskap som ifølgje Hegnar.no leverte eit resultat for første kvartal der dei gjekk 53,5 millionar kroner i pluss, steig på si side med 16,6 prosent. Den store vinnaren i dag var derimot programvareselskapet Induct, som steig med heile 24,1 prosent.

Prisen på nordsjøolje steig svakt fredag. Eit fat blei ved 18.30-tida omsett for 74,76 dollar. Amerikansk råolje låg på 68,22 dollar på same tidspunkt.

Den svake auken i oljeprisane kom på ein fredag med positive tal på mange av dei store børsane. Indeksen på Frankfurt-børsen DAX 30 gjekk opp 0,6 prosent, FTSE 100 på London-børsen steig 1,1 prosent, mens CAC 40 på Paris-børsen gjekk opp med 0,5 prosent.

(©NPK)

Oslo Børs heldt stø kurs fredag. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse