Annonse

Stor skogbrann i Sverige

Fem helikopter bidrar i sløkkingsarbeidet og minst 25 personar er evakuerte etter at ein skogbrann braut ut utanfor Sala i Sverige.

Brannen braut ut ved Rörbo utanfor Sala i Västmanland. Nødetatane fekk melding om brannen måndag ettermiddag.

16 redningsetatar med til saman 150 personar frå brannetaten, heimevernet og forsvar har lykkast å omringe brannen i eit område på om lag 1,5 kvadratkilometer. Men brannen er ikkje under kontroll, og det blir meldt om sterk vind i området.

- Vi held linjene som var tenkt, men brannen er ikkje under kontroll, seier Robin Haglund ved Stockholms brannvesenet.

Området som brenn er det same området som brann i 2014, då ein enorm skogbrann førte til at om lag 1.000 personar vart evakuerte. Då førte den kraftige røyken til at nødetatane i Noreg fekk telefonsamtalar frå folk i Nordland og Trøndelag som trudde det brann i nærleiken.

Også i Noreg har det den siste tida brote ut fleire skogbrannar, blant anna i Skien i Telemark og Ombo i Rogaland. Det er for tida grill- og bålforbod fleire stadar både i Noreg, Sverige og Danmark.

(©NPK)

Det har brote ut ein kraftig skogbrann ved Rörbo utanfor Sala i Sverige. Brannmannskap har omringa brannen, men han er førebels ikkje under kontroll. Foto: Peter Krüger / TT / NTB scanpix

Det har brote ut ein kraftig skogbrann ved Rörbo utanfor Sala i Sverige. Brannmannskap har omringa brannen, men han er førebels ikkje under kontroll. Foto: Peter Krüger / TT / NTB scanpix

Annonse
Annonse