Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Hundrevis av menneske er evakuert frå ein kraftig skog- og buskbrann som spreier seg i Toscana i Italia. Brannvesenet trur brannen er påtent.
uvakt@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 25.09.2018 kl 16:38
Eit område på seks kvadratkilometer er allereie brunne ned, opplyser sjefen for brannvesenet i Pisa, Ugo D'Anna til lokale medium.
Han seier det er «nesten heilt sikkert at brannen er påtent».
To brannsløkkingsfly og 80 brannmannskapar deltar i sløkkearbeidet saman med eit 50-tall frivillige. Det er sterk vind i området, noko som gjer sløkkearbeidet vanskeleg.
Brannen starta måndag kveld i nærleiken av byen Pisa. Den spreidde seg deretter raskt til område nær småbyar som Calci, Montemagno og San Lorenzo e la Torre, der over 700 menneske har blitt evakuert.
(©NPK)
Røyk veltar opp frå skogbrannen i åsen utanfor den italienske småbyen Calci i Toscana. Foto: AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.