Klargjør siden...

Storbrannen på Ombo fortset - over 50 brannfolk i sving

Fem dagar etter at brannen på øya Ombo i Rogaland vart oppdaga, kjempar framleis over 50 brannfolk og to helikopter mot flammane i det knusktørre terrenget.

- Det går i eitt, for å seie det pent, seier brann- og redningssjef Nils-Erik Haagenrud i Rogaland brann og redning til NTB.

Brannsjefen seier at dei truleg er avhengige av regn for å få kontroll over flammane, som til no har svidd av mellom 1.200 og 1.500 mål med skog og vegetasjon. Dermed kan brannen komme til å vare i fleire dagar til: langtidsvarselet for området viser nemleg ikkje ein dråpe regn dei neste sju dagane.

Tidlegare denne veka såg situasjonen ut til å vere under kontroll, men så begynte flammane å blusse opp.

- Utfordringa er det fine vêret og at vegetasjonen er veldig tørr. Det positive er at det har vore nesten vindstille, seier Haagenrud.

Han fortel at det i periodar kan vere roleg, men at flammane når som helst kan blusse opp og spreie seg.

Gjennom heile natt til fredag var 20 brannmannskap ute i terrenget, og fredag morgon vart dette oppskalert til 50-60 mannskap og to helikopter.

(©NPK)

Skogbrannen på øya Ombo i Ryfylke vart først oppdaga søndag. Foto: Stian Seland / NTB scanpix

Annonse