Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Rwandas president Paul Kagames parti FPR ser ut til å få 70 prosent av stemmene i parlamentsvalet måndag, ifølgje førebelse tal frå valmyndigheitene.
Magnus.Braaten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.09.2018 kl 08:14
Tala vart omtalt av den nasjonale avisa The New Times og andre medium i Kigali seint måndag. Partia PL og PSD, som støttar president Kagame, ligg an til å få 15 prosent av stemmene.
Miljøpartiet DGPR, som blir rekna som den einaste reelle motstandaren i nasjonalforsamlinga i Rwanda, ligg nær grensa for å få mandat, 5 prosent.
Det er 53 av dei 80 plassane i nasjonalforsamlinga som skal fordelast. Dei andre 27 plassane er reserverte for kvinner, ungdom og funksjonshemma, og representantane blir valde av spesialråd og nasjonale komitear.
Kagame har i praksis styrt Rwanda sidan 1994, men vart formelt valt til president først i 2003. Han vart attvalt for nye sju år i 2010 og deretter igjen i fjor, etter ei folkeavstemming som endra grunnlova slik at han kunne sitte ein tredje periode. Grunnlovsendringa skal ha fått 98 prosent av stemmene.
Kagame hadde lenge ei høg stjerne internasjonalt for å ha lykkast med å skape ro i landet etter folkemordet og skape økonomisk vekst. Dei siste åra har stjerna likevel bleikna i takt med at det har komme stadig fleire rapporter om knebling av opposisjonen og media i landet.
(©NPK)
Rwandas president Paul Kagame held tale under opninga av Forumet for kinesisk-afrikansk samarbeid (FOCAC) i Beijing måndag. Samtidig var det val i heimlandet hans. Foto: Madoka Ikegami / AP / NTB scanpix