Størst del uføre i Østfold og Aust-Agder

Det er store fylkesvise forskjellar på kor stor del av befolkninga som er uføretrygda. Østfold og Aust-Agder er fylka med høgast del.

Fylka har begge ein uføredel på 10 prosent. Oslo har den lågaste delen, med berre 4 prosent uføretrygda.

Jo eldre befolkninga er, desto større er sjansen for at fleire er uføretrygda, ifølgje statistikksjef Ulf Andersen i Nav.

- Fylke som har storbyar, eller er i nærleiken av storbyar, som Oslo, Akershus, Hordaland, Rogaland, og tidlegare Sør-Trøndelag, har ei ung befolkning, og også mange studentar. Situasjonen er ein annan i for eksempel Østfold, Aust-Agder og Finnmark, seier Andersen til P4 Nyhetene.

Uføredelen er større i fylke med mykje manuelt og fysisk arbeid på grunn av mange tunge løft i fabrikkar, gruver og liknande, i motsetning til fylke der næringsstrukturen i større grad er prega av kontorverksemd.

- Der befolkninga har høgare utdanning, høgare inntekt og så vidare, seier Navs statistikksjef.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB Scanpix

Annonse