Klargjør siden...

Stortinget seier ja til permanent væpning av politiet på utsette stadar

Stortinget sa onsdag ja til forslaget frå regjeringa om å væpne politiet på utsette stader, såkalla punktvæpning. 

Forslaget fekk brei støtte, og det var berre Sosialistisk Venstreparti og Raudt som stemte mot.

Frp ville eigentleg ha permanent væpning av alle politifolk, men no blir det i staden permanent punktvæpning på sårbare stadar

Sårbare stader vil spesielt vere lufthamner eller andre store trafikknutepunkt, eller stader som har stor symbolverdi.

- Eit uvæpna politi på Oslo lufthamn gir dårlegare responstid. Vi ser at sårbare objekt sikrast betre rundt i verda. Vi ser ingen grunn til at vi ikkje skal gjere det her i Noreg, og dette forslaget sørgjer for at ein skal sleppe å søke om forlenging til væpning igjen og igjen. Vi må ha tillit til norsk politi og trusselvurderingane frå PST, sa Guro Angell Gimse i Høgre frå talarstolen i Stortinget, ifølgje referatet til Politiforum.

Justisdepartementet understrekar at forslaget ikkje endrar prinsippet om at norsk politi som hovudregel skal vere uvæpna. Men heretter skal det vere Politidirektoratet som gir lov til punktvæpning.

Ap og Sp ønskjer derimot ei årleg evaluering av ordninga og ein utgreiing frå regjeringa om omfanget av punktvæpninga i politiet.

SV er på si side uroa for at lovendringa i praksis betyr at politiet blir permanent væpna enkelte stadar. I innstillinga viser partiet til utgreiinga frå Væpningsutvalet frå i fjor, som anbefalte at ein ikkje skulle innføre ei generell væpning av norsk politi. Utvalet foreslo heller ikkje permanent punktvæpning.

(©NPK)

No blir det permanent væpning av politiet på blant anna Oslo lufthamn. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix