Studie: Nordmenn meiner norsk kultur er overlegen

Noreg det einaste av 15 vesteuropeiske land der meir enn halvparten av befolkninga meiner deira eigen kultur er overlegen, ifølgje ei ny undersøking.

«Folket vårt er ikkje perfekt, men vi har ein kultur som er betre enn andre» er oppfatninga som går igjen blant nordmenn. Det viser ei ny undersøking gjort av amerikanske Pew Research Center der 58 prosent av nordmennene sa seg heilt eller hovudsakleg einig i utsegna. Det skriv Vårt Land.

Noreg er dermed det einaste landet der over halvparten av befolkninga har denne oppfatninga. På andre sida av skalaen ligg Spania, der berre to av ti støttar utsegna.

- Tala reflekterer ein utbreidd norsk sjølvgodskap, som har styrkt seg etter at Noreg er blitt eit absurd rikt land, meiner professor Thomas Hylland Eriksen ved Universitetet i Oslo.

I nabolandet vårt meiner berre éin av fire at svensk kultur er best. Sveits, det einaste andre landet i undersøkinga som ikkje er med i EU, er nærmast Noreg med 50 prosent.

Amerikanarane har intervjua 24.000 innbyggjarar i 15 vesteuropeiske land i undersøkinga «Being Christian in Western Europe». Blant dei spurde var 1.500 tilfeldig valde nordmenn over 18 år.

(©NPK)

Ei ny undersøking viser at over halvparten av nordmenn meiner at vår kultur er betre enn andres. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse