Studie: Talet på ekstremt overvektige verda over vil auke kraftig

Innan 2045 vil nesten ein firedel av befolkninga i verda vere ekstremt overvektig, ein auke på over 50 prosent, ifølgje ein ny studie.

Eit forskarteam har presentert ein rapport av studien for den europeiske kongressen for ekstrem overvekt (ECO). Her blir det vist til at om 27 år vil 22 prosent av befolkninga i verda vere ekstremt overvektig. I fjor var talet 14 prosent.

Éin av åtte vil innan 2045 ha diabetes type 2, opp frå ein av elleve. Denne typen diabetes rammar generelt vaksne som eit resultat av overvekt.

- Desse tala understrekar den aukande utfordringa verda vil stå overfor i framtida når det gjeld ekstremt overvektige og dei som har diabetes type 2, eller begge, seier Alan Moses i den danske legemiddelgiganten Novo Nordisks forskingsavdeling.

Store utfordringar

Forskarane fann at i USA vil talet på ekstremt overvektige auke frå 39 prosent i 2017 til 55 prosent i 2045. Talet på menneske ramma av diabetes vil auke frå 14 til 18 prosent. I Storbritannia vil talet på overvektige auke frå 32 til 48 prosent, og diabetesramma frå 10,2 til 12,6 prosent.

- Det er ikkje berre enorme medisinske utfordringar folk vil stå overfor, men det betyr også enorme kostnader for helsevesenet i alle land, legg Moses til.

Moses og forskarteamet analyserte data frå Verdshelseorganisasjonens (WHO) database. Her delte dei befolkninga i kvart land inn i forskjellige aldersgrupper og vidare inn i BMI-kategoriar.

WHO reknar folk med ein BMI på 25 eller meir som overvektige, mens det blir sett på som ekstrem overvekt dersom BMI-en går over 30.

Aggressive tiltak

Forskarteamet seier at det å skulle snu denne utviklinga vil krevje «aggressive og koordinerte tiltak».

- Alle land er forskjellige basert på unik genetikk og sosiale og miljøbestemte forhold. Dermed er det ikkje éi tilnærming som vil fungere for alle, heiter det.

Ei undersøking frå 2016 viste at delen ekstremt overvektige hadde dobla seg sidan 1975. Av rundt fem milliardar vaksne i 2014 var 641 millionar ekstremt overvektig.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: NTB scanpix

Annonse