Styresmaktene i Guatemala får kritikk for dårleg vulkan-varsling

Opposisjonspolitikarar i Guatemala meiner katastrofemyndigheitene ikkje åtvara tidleg nok om det dødelege vulkanutbrotet søndag, og meiner krisesjefen må gå.

Totalt er 99 personar funne døde etter utbrotet frå Fuego-vulkanen, mens ytterlegare 200 er sakna. Samtidig får 44 personar behandling på sjukehus, og mange av dei blir omtalte som kritisk skadde.

I kjølvatnet av utbrotet har Guatemalas nasjonale institutt for seismologi og vulkanologi uttalt at deira samvit er reint, og at dei hadde åtvara om utbrotet lenge før det skjedde. I staden har dei hevda at katastrofemyndigheita Conred har ansvaret dersom noko gjekk gale med evakueringa, ettersom dei ikkje skal ha lytta til åtvaringane.

Ifølgje BBC har det komme fram at Conreds Twitter-konto så seint som klokka 11 same dag som utbrotet fann stad, slo fast at det enno ikkje var nødvendig å evakuere.

Mario Tarcarena, ein av dei meir framståande blant opposisjonspolitikarane i Guatemala, seier regjeringa bør be om etterforsking av om katastrofemyndigheitene Conred utviste kriminell aktløyse i lys av dette.

Sjølv har Conred nekta for at dei har ansvaret for at utbrotet vart så katastrofalt og sagt at då dei først kom med åtvaringar, vart dei ignorerte.

Meir enn 1,7 millionar menneske er ramma av Fuego-utbrotet, og over 3.000 er framleis evakuerte. Guatemalas seismologiske institutt åtvarar framleis mot nye straumar av vulkansk materiale på vestsida av Fuego-vulkanen, og onsdag kveld måtte katastrofemyndigheitene endå ein gong avbryte søket etter overlevande som følgje av regn, gjørme og fare for nye utbrot.

(©NPK)

Soldatar held vakt utanfor ein heim som vart øydelagt av utbrotet frå Fuego-vulkanen søndag. Nær 100 er døde, og rundt 200 er framleis sakna etter katastrofen. Foto: AP / NTB scanpix.

Annonse