Klargjør siden...

Sukkeravgifta består - men sukkerfri brus kan få lette

Den omstridde auken i sukkeravgifta blir som varsla ikkje reversert i budsjettavtalen mellom KrF og regjeringspartia. Men justeringar kan komme.

I eitt av dei ni såkalla verbalpunkta i avtalen om revidert nasjonalbudsjett går det fram at regjeringa skal «greie ut ein reduksjon av særavgifta på alkoholfrie drikkevarer».

Hensikta er å differensiere avgifta ut frå sukkerinnhald, med utgangspunkt i modellane frå Storbritannia, Irland og Finland.

- Innretninga på sukkeravgifta på drikkevarer har vore ei utfordring i lang tid. Derfor er eg glad for at vi er samde om å greie ut ein reduksjon i sukkeravgifta slik at sukkerfri drikke blir billigare, seier finanspolitisk talsperson i KrF Kjell Ingolf Ropstad.

KrF ønskte primært å innføre ordinær moms på godteri og brus, men vann ikkje fram med dette kravet i budsjettforhandlingane i fjor haust. I staden valde dei borgarlege partia å auke sukkeravgifta kraftig, til høglydte protestar frå næringsmiddelindustrien og arbeidstakarorganisasjonane i bransjen.

(©NPK)

Annonse