Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Da handelen stengde på Oslo Børs fredag, hadde hovudindeksen falle 0,1 prosent til 891,83 poeng. Det er om lag same nivået som for ei veke sidan.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 03.08.2018 kl 17:28
Omsetninga fredag var på vel 4 milliardar kroner.
Dei store taparane fredag vart Salmar, som fall med 4,1 prosent, og Marine Harvest, som fall med 3,8 prosent. Bakkafrost litt lenger ned på omsetningslista fall òg markert med 4,7 prosent.
Vinnaren denne dagen vart Norsk Hydro, som steig med 2,1 prosent. Equinor, som vart skuva ned på andreplassen på omsetningslista av Marine Harvest, steig med 0,4 prosent.
På dei leiande europeiske børsane var det positive tal. I Tyskland steig Dax 30-indeksen 0,5 prosent. Den franske CAC 40-indeksen gjekk opp med 0,3 prosent, mens FTSE 100-indeksen i London steig med 1,1 prosent.
Prisen på nordsjøolje har gjekk litt opp fredagen. Fredag ettermiddag vart eit fat omsett for 73,4 dollar på spotmarknaden. Amerikansk lettolje vart omsett for 68,8 dollar fatet.
(©NPK)
Foto: Axel Nilsson Raftsjø / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.