Annonse

Svakt opp på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk svakt opp måndag. Indeksen steig med 0,2 prosent og landa på 882,09 poeng ved stengjetid.

Omsetnaden var på eit sommarlågt nivå med 4,4 milliardar kroner fordelt på nesten 103.000 handlar.

Marine Harvest toppa omsetningslista framfor Equinor, og aksjeverdien auka med 1,1 prosent til 162,50 kroner per aksje. Equinor fall 0,4 prosent til 215 kroner, mens Telenor var vinnaren blant dei tre mest omsette selskapa med ein vekst på 1,5 prosent.

Questerre Energy auka mest blant selskapa på topp-ti-lista med ein kursvekst på 10,8 prosent. Veksten kjem i kjølvatnet av at selskapet har bestemt seg for å kjøpe Repsols del i skiferreservane i Utica i Canada, ifølgje Hegnar.no.

Taparane måndag var Subsea 7 som fall 1,6 prosent og DNO som fall 3,2 prosent.

På børsane i Europa var bildet positivt. DAX 30 i Frankfurt auka med 0,25 prosent. I Paris steig CAC 40 med 0,1 prosent, mens i London gjekk FTSE 100 opp 0,4 prosent.

Oljeprisane fall noko måndag etter at prisen på nordsjøolje var oppe i nesten 77 dollar fatet då Oslo Børs opna. Eit fat nordsjøolje vart måndag ettermiddag omsett for 75,8 dollar på spotmarknaden. Amerikansk lettolje vart selt for 65,1 dollar fatet.

(©NPK)

Investorane på Oslo Børs fekk ein grei start på veka. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Annonse