Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Svenska Akademien har offentleggjort nye statuttar der medlemmene blir bedne om i respektere teieplikta og unngå å kritisere institusjonen.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 14.09.2018 kl 13:34
- Ein forventar at medlemmer gjer ein god arbeidsinnsats, respekterer teieplikta og unngår å kritisere Akademien eller kollegaer offentleg, heiter det i den nye teksten.
I førre veke melde Svenska Akademien at nye statuttar skal avløyse dei frå 1786 på ein meir «moderne» måte. Etter beskjeden kom det fleire ønske om offentleggjering av statuttane, for å dempe spekulasjonar om det interne arbeidet i institusjonen. Fredag la Akademien ut dokumentet.
- Vi har gitt statuttane nye tolkingar som skal gjelde for vår tid, seier fungerande sekretær Anders Olsson.
Akademien, som deler ut prisar og stipend innan språk og kultur, deriblant Nobelprisen i litteratur, kjem ikkje til å dele ut Nobelprisen i år som følgje av at Akademien har mista tillit etter ei rad skandalar.
Kulturprofilen Jean-Claude Arnault, som er gift med Akademien-medlem Katarina Frostenson, har stått sentralt. Han dreiv eit kultursenter som har fått pengestøtte frå Akademien, men vart i fjor haust skulda for seksuelle overgrep, trakassering og å ha leke namna på sju nobelprisvinnarar til pressa før dei vart offentleggjorde. Sjølv avviser han skuldingane.
I april forlét tre av medlemmene Akademiet, og ei veke seinare trekte Frostenson og den faste sekretæren Sara Danius seg.
Dei nye statuttane opnar likevel for at avhopparar som Sara Danius, Peter Englund og Kjell Espmark kan delta i avstemmingar når nye medlemmer blir valde inn.
(©NPK)