Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Eric M. Runesson og Jila Mossaed er valt inn som nye medlemmer av Svenska Akademien etter krisa det siste året.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 05.10.2018 kl 14:46
Akademien har lenge hatt eit ønske om å velje inn ein jurist som ein av dei 18 medlemmene, seier Anders Olsson, som er Akademiens faste sekretær. Runesson er jurist, medan Mossaed er forfattar.
Det vert eigentleg kravd tolv personar for å velje nye medlemmer, men så mange av medlemmene har forlate stolane sine at det ikkje var nok igjen til å peike ut nye medlemmer.
Det betyr at fleire av avhopparane måtte hjelpe til. Peter Englund stadfestar at han deltok i prosessen på avstand og at Kjell Espmark også gjorde det, og Anders Olsson seier at 13 noverande og avgåtte medlemmer deltok i valet.
Valet av dei to er godkjent av kongen, som er Akademiens høge beskyttar.
Det er framleis uklart om Akademien har tatt ei avgjerd om Katarina Frostensons framtid. Ho har tilknyting til den såkalla kulturprofilen Jean-Claude Arnault, som utløyste krisa då 18 kvinner vitna om at han hadde trakassert dei seksuelt.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.