Svenske fly skal tanke med gammal frityrolje
Fem av Sveriges største flyplassar byrjar denne veka å blande inn biodrivstoff laga av brukt frityrolje når fly skal tankast.
Det statlege selskapet Swedavia har kjøpt inn 542 tonn med biodrivstoff, som no er å finne i pumpene på flyplassane Arlanda, Landvetter, Bromma, Visby og Luleå.
Biodrivstoffet er produsert av brukt frityrolje og vil redusere CO2-utsleppet med rundt 80 prosent i tilhøve til vanleg flydrivstoff, ifølgje Swedavia.
- Fly må vere ein del av transporten i framtida, og dei må vere berekraftige. På kort sikt er biodrivstoff den løysinga som kan gjere mest nytte for klimaet og derfor er satsing på dette heilt nødvendig, seier konsernsjef Jonas Abrahamsson.
- Med skogen vår som råvare, har vi dessutan gode moglegheiter for innanlandsk produksjon av biodrivstoff i stor skala. Her finst det eit potensial for eit ny svensk industriell paradegrein, seier han.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix