T-baneutbygging kan sette Bislett Games i fare

Delar av Bislett stadion kan bli riven for å få på plass ein ny T-banestasjon. Det skapar frykt for framtida til Bislett Games, skriv Dagsavisen.

I konseptvalutgreiinga for auka transportkapasitet inn mot og gjennom Oslo blir det nemleg tilrådd at ein ny T-banetunnel under hovudstaden, med blant anna ny stasjon under den ærverdige friidrettsarenaen.

Eit slikt prosjekt vil få langvarige konsekvensar for Bislett stadion og nærområdet. Det tilrådde forslaget vil blant anna bety riving av tribunedelen Store Stå.

- Må Store Stå rivast blir den innandørs løpebana, og sprintanlegget, brote. Eg håper ein kjem opp med andre alternativ, så Bislett ikkje blir berørt, seier dagleg leiar i Bislett Alliansen, Rune Stenersen, til Dagsavisen.

- Eg kan vanskeleg sjå for meg at vi kan komme tilbake som arrangør av Diamond League etter eit eventuelt fråvær på fleire år. Det står verdsmetropolar i kø for å overta rolla til Bislett.

- Byrådet ønskjer ikkje å rive Bislett stadion. Det er enno tidleg i planlegningen av ny sentrumstunnel, og vi veit ikkje korleis alle utfordringar skal løysast. Vi vil sjølvsagt i den vidare planlegging av sentrumstunnelen jobbe for å finne løysingar som avgrensar dei negative konsekvensane som byggjeperioden vil ha for byen, seier byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Berg til NTB.

Prosjektleiar i Ruter Halvor Jutulstad påpeiker at ingenting er avgjort når det gjeld nye T-banetunnel. Eit byggjeprosjekt vil uansett ikkje starte før i 2024, og prosjektet skal vere ferdig innan 2030.

- Vi har god tid på å finne andre stasjonsløysingar Men dette er eit stort prosjekt, så det vil uansett få innverknader på dagleglivet rundt Bislett i anleggsperioden. Store Stå vil bli bygd opp igjen om det er dette alternativet som blir ein realitet, seier Jutulstad.

Årets Bislett Games blir arrangert torsdag.

(©NPK)

Bislett stadion med statuen av Knut «Kupper'n» Johannesen i forgrunnen.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Annonse