Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Det kraftige jordskjelvet på den indonesiske øya Lombok søndag kosta minst 227 liv, men talet kan vere mykje høgare.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 09.08.2018 kl 09:25
Nærmare 160.000 menneske vart heimlause i skjelvet, som vart målt til 6,9 av indonesiske seismologar.
Torsdag opplyste leiaren for redningsarbeidet på Lombok, Nyoman Sidekarya, at talet på omkomne har stige frå 168 til 227. Nærmare 1.500 menneske er innlagt på sjukehus med alvorlege skadar.
Hæren, som deltar i redningsarbeidet, opplyser at jordskjelvet kosta minst 381 menneskeliv, men alle offera er enno ikkje tilfredsstillande identifisert.
(©NPK)
Redningsarbeidarar gjennomsøker framleis ruinar av hus som raste saman under jordskjelvet på øya Lombok i Indonesia søndag, og talet på omkomne fortset å stige. Foto: AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.