Taxisjåfør slått og prøvd rana i Bergen

To menn er gripne etter at ein taxisjåfør vart slått og prøvd rana i Bergen natt til tysdag.

- Vi fekk melding klokka 02.03 frå ein drosjesjåfør som seier han er blitt slått og at to personar har prøvd å stele pengar frå han. Dei skal ha prøvd å slå han og ta tak i kleda hans. Han vart såpass redd at han sprang frå bilen, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Ole Ronny Olsen til VG.

Då politiet kom til Gravdalsveien peikte sjåføren dei i retninga ranarane forsvann. Det resulterte i at to menn i 40- og 30-årsalderen vart arresterte like ved drosjen. Politiet fann også små mengder narkotika på dei.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse