Teknologirådet: - Noreg har ingen plan for kunstig intelligens

Teknologirådet meiner kvar tredje jobb i framtida vil bli endra av kunstig intelligens, og meiner det er på tide at Noreg legg ein plan.

- Når det blir tekne avgjerder ved hjelp av maskinlæring om kven som får tilgang til ei offentleg teneste, ein dyr medisin, eller ein jobb, så må vi ha openheit rundt det som skjer og kunne kontrollere det. Vi må kunne forklare teknologien, og vi må ha kompetanse i Noreg og kunne forsvare demokratiet mot manipulering, seier direktør Tore Tennøe i Teknologirådet til Dagens Næringsliv.

Han meiner det hastar for Noreg å legge ein plan, og viser til at land som Sverige, Finland, Storbritannia og Frankrike har planane på plass.

- Kvar tredje nordmann vil få jobben kraftig endra av kunstig intelligens innan ti år. Det er viktig for økonomisk berekraft og offentlege tenester, og det påverkar demokratiet og rettane til den enkelte, seier Tennøe.

Statsministeren er ikkje like overbevist.

- At «alle» andre har ein slik eigen plan for kunstig intelligens, betyr ikkje at vi skal ha det eller at det er rett, men ja, det blir viktig å satse på kunstig intelligens, seier Solberg til avisa.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg fekk fredag ein brei rapport om digitalisering av næringslivet. På teknologitoppmøtet i Trondheim måndag fekk ho ei åtvaring frå Teknologirådet om at det trengst spissare tiltak mot kunstig intelligens. Foto: Ned Alley / NTB scanpix / NPK

Annonse