Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Amerikanske styresmakter har funne prov for at mobiltelefonar har blitt avlytta i nærleiken av Det kvite hus og andre viktige bygningar i Washington.
nils.inge.kruhaug@ntb.no/kjell@npk.no
Publisert: 01.06.2018 kl 16:39
I eit brev til senator Ron Wyden, opplyser tryggingsstyresmaktene i USA at det er avdekt bruk av såkalla IMSI-fingrar, falske basestasjonar som gjer det mogleg å avlytte telefonsamtaler og lese tekstmeldingar, skriv Washington Post.
Kven som kan stå bak avlyttinga er ikkje kjent.
Fleire år med uavhengige undersøkingar tyder på at utanlandske etterretningstenester bruker sofistikert teknologi for å spionere på politikarar i Washington.
- Brevet styrkjer uroa mi om at spionverktøy blir brukt mot amerikanske telefonar, sa Wyden i ein fråsegn torsdag.
- Gitt opplysningane om at eit overvakingsverktøy er funne nær Det kvite hus og andre statlege bygningar, er eg redd utanlandske etterretningstenester siktar seg inn på presidenten og andre toppolitikarar, sa Wyden.
(©NPK)
Det kvite hus. Foto: AP / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.