Annonse

Tennis-Ruud med byks på verdsrankinga

Casper Ruud blir lønna for storspelet den siste tida på den nye verdsrankinga i tennis. 19-åringen klatrar 19 plasseringar til 174.-plass.

Nordmannen følgde opp finaletapet førre helg i ei challengerturnering med exit i andre runde i ATP-turneringa i München. 2.-seeda Roberto Bautista-Agut vart for sterk og vann over to strake sett. Spanjolen er nummer 14 på den ferske verdsrankinga.

Ruud har tatt fleire plasseringar på rankinga den siste tida. Førre veke klatra Ruud tolv trinn. Det er likevel langt opp til den beste plasseringa hans, som var nummer 108.

Topp tre i verda er uforandra. Rafael Nadal leier med Roger Federer i rygg. Alexander Zverev, som vann ATP-turneringa i München, er tredjemann.

Ruud spelar denne veka ei challengerturnering i Portugal. Tysdag møter han franske Evan Furness i Braga.

(©NPK)

Casper Ruud klatrar på verdsrankinga i tennis. Foto: Lars Eide / NTB scanpix

Annonse
Annonse