Annonse

Tennis: Ruud-tap i double

Casper Ruud og doublepartner Jaume Munar var sjanselause mot argentinske Martin og Pablo Cuevas i Challenger-turneringa i tennis i italienske Caltanissetta.

Ruud hadde spanske Munar som makker i kampen måndag, men dei to hamna tidleg i trøbbel. Til slutt enda kampen med tap i to strake sett 2-6, 4-6.

Dermed var doubledelen av turneringa i Caltanissetta tidleg over for den norske tennisprofilen. Ruud skal derimot også spele single.

Måndag hadde Ruud avansert 20 plassar til 137.-plass då den ferske verdensrankinga blei presentert.

Bakgrunnen for rankinghoppet var naturleg nok at 19-åringen kom til 2. runde i Grand Slam-turneringa i Paris nyleg.

- Det er veldig viktig å vere blant dei 100 beste med tanke på å komme inn i Grand Slam-turneringar og turneringane under det sjiktet, seier pappa Christian Ruud til NTB.

Casper Ruud skal snart spele kvalifisering til Wimbledon-turneringa (gras). Han har fått frikort til ATP-turneringa i Båstad (grus, Sverige) seinare i sommar.

(©NPK)

Casper Ruud tapte i double måndag. Foto: AP Photo/Alessandra Tarantino / NTB scanpix

Annonse