Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Australske John Millman stod for ein sensasjon då han slo ut sjølvaste Roger Federer i 4. runde i US Open. Millman er berre rangert som nummer 55 i verda.
steinar.bjerkmann@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 04.09.2018 kl 09:25
Andreseeda Federer vann opningssettet 6-3, men deretter hamna sveitsaren i trøbbel. Med 7-5, 7-6 (9-7) og 7-6 (7-3) sende Millman Federer ut framfor eit måpande publikum.
Millmans siger betyr at storkampen i kvartfinalen mellom Federer og Novak Djokovic går ut. I staden er det Millman som skal måle krefter med den 6.-seeda serbaren.
Federer, som har vunne US Open fem gonger, har ikkje blitt slått ut så tidleg i US Open sidan Tommy Robredo vart for sterk i 4. runde i 2013. Sveitsaren hadde aldri tapt for ein spelar rangert utanfor topp 50 i turneringa. Heile ti dobbeltfeil øydela mykje.
Roger Federer hadde to settballar i andre sett. Han rota også bort ein settball i det tredje settet i ein tett og forrykande tennisduell.
Maria Sjarapova er også ute av US Open. Ho tapte 4-6, 3-6 mot 30.-seeda Carla Suárez Navarra.
Suárez avanserte i tennisturneringa på sin eigen 30.-årsdag. No ventar heimehåpet Madison Keys i kvartfinalen.
(©NPK)
Roger Federer vart tatt på senga av John Millman. Foto: Jason DeCrow / AP / NTB scanpix