Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Tesla har inngått ein avtale med kinesiske styresmakter om å etablere fabrikk for elbilproduksjon og bilbatteri i Shanghai.
uvakt@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 06.06.2018 kl 08:46
- Vi er svært begeistra over å byggje den første batterifabrikken utanfor USA i Kina, spesifikt skal den vere i Shanghai, sa Teslas globale salssjef Robin Ren under den årlege generalforsamlinga tysdag.
Han la til at samtalar med representantar for kinesiske styresmakter har gått svært bra og at fleire detaljar om Shanghai-anlegget vil bli kunngjort «snart».
Tesla-grunnleggjar og sjef Elon Musk understrekar behovet for å ha batterifabrikkar på forskjellige kontinent for å få ned prisen på bilane.
Tesla håpar å kunne finne ein eigna stad for ein fabrikk også i Europa innan utgangen av året. Målet til selskapet er å ha rundt ti-tolv fabrikkar verda rundt der det skal produserast både bilbatteri og bilar.
Teslas noverande produksjon skjer berre i USA. Der lagar selskapet batteri i delstaten Nevada, mens bilane blir sette saman i California.
(©NPK)
Tesla-bilar skal ikkje lenger byggjast berre i USA. Foto: AP / NTB scanpix