Klargjør siden...

Thor Gjermund Eriksen fortset som kringkastingssjef til 2025

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (51) har fått forlengt sitt åremål som toppsjef i NRK med seks nye år frå mars 2019.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (51) har fått forlengt sitt åremål som toppsjef i NRK med seks nye år frå mars 2019.

Eriksen begynte i NRK i mars 2013 og er inne i sitt sjette år i jobben.

- I tråd med NRKs vedtekter blir kringkastingssjefen tilsett i eit seksårig åremål som kan fornyast éin gong, opplyser statskanalen i ei pressemelding.

- Styret i NRK er svært godt fornøgde med korleis Eriksen har leidd NRK dei siste fem åra, uttaler NRKs styreleiar Birger Magnus på vegner av styret.

Han opplyser at det er sett i gang og gjennomført ei rad tiltak for å sikre at NRK kan utføre sitt allmennkringkastaroppdrag i ei tid kjenneteikna av digital transformasjon og eit betydeleg meir internasjonalt konkurransebilde.

Eriksen takkar styret for tilliten.

- Eg kan ikkje tenkje meg ei meir spennande og meir krevjande oppgåve enn å bidra til at NRK held oppe oppslutninga og framleis leverer norsk innhald som bind oss saman og styrkjer norsk kultur, språk og demokrati, seier Thor Gjermund Eriksen.

Eriksens lønnsvilkår blir dei same som i dag, men etterlønna etter at andre åremålsperiode går ut er utvida frå tre til seks månader.

(©NPK)

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen skal leie statskanalen i seks nye år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Annonse