Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den tidlegare italienske landslagsspissen i fotball, Giuseppe Rossi, har testa positivt på eit forbode medikament.
stian.johnsen@ntb.no/karoline@npk.no
Publisert: 25.09.2018 kl 15:05
Det italienske antidopingbyrået Nado Italia stadfestar tysdag dopingsaka og opplyser vidare at den tidlegare Manchester United-spelaren skal møte til høyring i neste veke.
Rossi si dopingprøve skal ha vist spor av ein type augemedisin som kan brukast for å fjerne spor av andre stoff.
Det italienske antidopingbyrået kjem til å legge ned påstand om at fotballprofilen blir stengt ute i eitt år.
Den positive prøva blei avlagt i mai i år mens Rossi spelte for Genoa i Serie A.
I augneblinken står spissen utan kontrakt.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.