Klargjør siden...

Tidlegare statsadvokat og aktor i 22. juli-saka Inga Bejer Engh blir nytt barneombod

Tingrettsdommar og tidlegare statsadvokat Inga Bejer Engh (47) vart i statsråd fredag utnemnt til nytt barneombod etter Anne Lindboe.

Tingrettsdommar og tidlegare statsadvokat Inga Bejer Engh (47) vart i statsråd fredag utnemnt til nytt barneombod etter Anne Lindboe.

Engh var éin av 67 søkjarar til stillinga etter Anne Lindboe som går av som barneombod i slutten av juni. Stillinga som barneombod er eit åremål på seks år, og Lindboe har vore barneombod sidan 2012.

Inga Bejer Engh er jurist og har jobba som politiadvokat i Asker og Bærum politidistrikt og som dommarfullmektig i Drammen tingrett og Oslo tingrett.

I tillegg har ho tolv år bak seg som statsadvokat i Oslo statsadvokatembete, og no kjem ho frå ei stilling som tingrettsdommar i Oslo tingrett. Der har ho vore sidan 2014.

Også Engh er utnemnt for ein periode på seks år.

Inga Bejer Engh er utnemnt til nytt barneombod. Foto: Berit Roald / NTB scanpix