Klargjør siden...

Tidlegare stormeister i frimurarordenen er død

Ivar Arnstein Skar, tidlegare stormeister for Den Norske Frimurerorden, er død, 81 år gammal.

Skar var frimurar i nesten 50 år, og var stormeister i sju år frå 2005 til 2012. Han var også æresmedlem av fleire utanlandske frimurarordenar.

Skar var utdanna flygar, men gjekk raskt over i det private næringslivet. Då han gjekk av med pensjon, var han direktør for EGE Tepper.

(©NPK)

Ivar A. Skar frå Oslo var stormeister i Den Norske Frimurerorden i sju år.
Foto: Den Norske Frimurerorden / NTB Scanpix

Annonse