Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
To unge menn omkom i ei singelulykke med motorsykkel på E16 ved Dale i Hordaland.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 19.07.2018 kl 14:34
Vegen er stengt, og både kriminalteknikarar og ulykkesgruppa til Vegvesenet er på veg til staden, opplyste operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NTB klokka 3.35 natt til torsdag.
- Politiet fekk melding frå forbipasserande klokka 1.40. Då ambulansen kom til staden, blei det starta livreddande førstehjelp, seier Rebnord. Dei to blei erklært døde på staden klokka 2.20 og 2.45.
Dei omkomne var to menn på 19 og 22 år, opplyser lensmann Robert Veseth til Bergens Tidende torsdag ettermiddag. Dei var begge heimehøyrande i Vaksdal kommune, der ulykka skjedde.
Fartsgrensa der ulykka har skjedd, er 70 kilometer i timen.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix