Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
To menn omkom etter at ein båt velta i Lyngdal fredag morgon. Ein tredje mann kom fysisk uskadd frå ulykka.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 28.09.2018 kl 19:19
Tre tyske turistar hadde leigd ein fritidsbåt, og dei hamna i vatnet i Korshavn i Lyngdal mellom klokka 8.15 og 8.30. Hovudredningssentralen Sør-Noreg plukka dei opp av havet klokka 10.14. Det var ein del vind i området då ulykka skjedde.
To av mennene vart omtalt som kritisk skadde, og dei vart flogne til Haukeland universitetssjukehus. Fredag kveld opplyste politiet at livet til dei to mennene, som er i 40-50-åra og 50-60-åra, ikkje stod til å redde.
Den tredje mannen som var involvert i ulykka, vart flogen til Stavanger universitetssjukehus utan fysiske skader.
(©NPK)