Annonse

To nye styremedlemmer i Equinor

Bedriftsforsamlinga i Equinor har valt Anne Drinkwater og Jonathan Lewis inn i styret til Equinor. Jon Erik Reinhardsen er attvalt som styreleiar.

Selskapet, som tidlegare heitte Statoil, attvalde Roy Franklin som nestleiar. Jeroen van der Veer, Wenche Agerup, Bjørn Tore Godal og Rebekka Glasser Herlofsen blei også attvalt som aksjonærvaldte styremedlemmer i Equinor.

Drinkwater, som er brite, har hatt fleire ulike leiarstillingar i oljegiganten BP, og var blant anna konsernsjef i BP Canada mellom 2009 og 2012. Dei siste åra har ho blant anna hatt styreverv i Tullow Oil og Aker Solutions.

Lewis som også er britisk statsborgar, er konsernsjef i Capita, og har 30 års erfaring frå store, multinasjonale selskap innan teknologisk industri. Han har blant anna hatt fleire leiarstillingar i Halliburton der han jobba frå 1996 til 2016.

Valet av aksjonærvaldte medlemmer til styret er gjort med verknad frå 1. juli 2018 og gjeld fram til neste ordinære val av styrets aksjonærvaldte medlemmer til styret i 2019.

(©NPK)

Statoil bytta i år namn til Equinor. Her presenterer konsernsjef Eldar Sætre det nye namnet på allmennmøte i Stavanger i mars. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Annonse