Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
To menn på 18 og 22 år er dømde for å ha forfalska legeerklæringar for ikkje å hamna over fråværsgrensa på ein vidaregåande skule på Romerike i Akershus.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 18.05.2018 kl 10:51
Det var rektor ved skulen der dei to mennene var elevar som avslørte forfalskingane, og dei blei dermed melde til politiet. Rektoren hadde teke kontakt med legesenteret som dei falske legeerklæringane hadde ført opp hadde skrivne ut meldingane, men legesenteret kunne avkrefta at dei hadde skrive ut legeerklæringane, skriv Romerikes Blad.
No er dei to mennene dømde til 21 dagars fengsel på vilkår og 7.500 kroner i bot for dokumentforfalsking.
22-åringen forklarte i retten at han hadde levert forfalska legeerklæringar minst 20 gonger for å halda seg innanfor fråværsgrensa og dermed greia skulegangen. 18-åringen rekna med at han hadde gjort det 15-20 gonger.
Forfalskingane skjedde i perioden 29. november 2016 til 31. oktober 2017. Begge mennene tilstod å ha levert forfalska legeerklæringar til skulen, noko som blei lagt vekt på i formildande retning. Nedre Romerike tingrett peikar samstundes på at forfalskingane gjekk føre seg i nesten eitt år, og at allmennpreventive omsyn difor blir gjort gjeldande.
- Eg arbeidde som bartender og servitør ved sida av skulen, og med den nye fråværsgrensa klarte eg ikkje å samkøyra. Det blei seine kveldar på jobb, nokre gonger var eg ikkje heime før klokka fire på natta, og då klarte eg ikkje alltid å koma meg opp om morgonen. Eg hadde ikkje noko val viss eg skulle greia skulen, seier 22-åringen til avisa. Han blei utvist etter at forfalskinga blei avslørt.
- Det er ingen tvil om at det tidvis går føre seg forfalsking av offentlege dokument både når det gjeld attestar og vitnemål, men akkurat dette er ei relativt ny problemstilling - og det heng sjølvsagt saman med at fråværsgrensa også er ganske ny, konstaterer fylkesdirektør for vidaregåande opplæring i Akershus fylkeskommune, John Arve Eide.
(©NPK)
Arkivfoto av Nedre Romerike tingrett i Lillestrøm. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.