Klargjør siden...

Tolv drepne i kampar i Bangui

Tolv menneske er drepne i kampar i eit muslimsk område av Bangui, hovudstaden i Den sentralafrikanske republikk.

Ifølgje Røde Kors braut kampane ut etter at ein granat eksploderte i bydelen PK5, der majoriteten av innbyggjarane er muslimar.

FNs fredsbevarande styrke i landet (MINUSCA) bekreftar kamphandlingane, men det er uklart kven som har vore involvert og kven offera er.

Tidlegare i månaden vart minst 16 menneske drepne i angrep mot ei kyrkje, moskear og ein helsestasjon i Bangui.

MINUSCA har dei siste månadane aksjonert mot militante muslimar i PK5, og fleire tital er drepne og over 100 er såra i kamphandlingane.

Den sentralafrikanske republikk har vore herja av vald mellom kristne og muslimske grupper sidan 2013, etter at dei muslimskdominerte Seleka-opprørarane styrta den kristne presidenten og tok makta.

(©NPK)