Annonse

Tørre røter kan føre til at fleire tre fell

Tørkesommar og mykje gammal skog kan føre til at fleire tre fell over ende i den kraftige vinden. Men tørr jord kan hjelpe trea med å halde seg på beina.

- Mykje av rotsystemet er finrøter, og mange av dei er nok døde etter tørken. Det kan gjere at forankringa til trea er dårlegare, seier Svein Solberg ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til NTB.

Samtidig har tørr jord betre evne til å halde på røtene enn våt jord, påpeiker Solberg, som ikkje eintydig kan slå fast kva for ein effekt som slår sterkast inn.

At uvêret inntreffer på sommaren mens lauvtrea er fulle av blad, kan derimot gjere at faren for trefall aukar, meiner forskaren. Han konstaterer uansett at den kraftige vinden som rammar Sør- og Midt-Norge fredag, vil føre til at tre fell over ende.

- Med den vinden vi har no, vil det alltid bli vindfall på infrastruktur. Det er eit generelt problem. Vi får meir og meir skog i Noreg. Vi høgg mindre enn tilveksten. Dermed får vi gammal og høg skog, og den er meir utsett for vindskadar enn ung og kortvokst skog, seier Solberg.

Han meiner derfor at landet er utsett for stadig høgare risiko frå vindfall, noko som kan skape store problem for blant anna straumforsyninga og togtrafikken.

I tillegg kan det utgjere ein fare for liv og helse. Fredag fekk ein person eit tre i hovudet.

(©NPK)

Ei bjørk gjekk over ende i Bogerudveien i Oslo fredag ettermiddag. Tørken i sommar kan bidra til at faren for trefall aukar, meiner skogforskar Svein Solberg ved NIBIO. Foto: Ivar Anders Iversen / NTB scanpix/ NPK

Annonse
Annonse