Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Toyota kallar tilbake meir enn 1 million hybridbilar verda over, og nesten 8.000 i Noreg, som følgje av tekniske problem som kan føre til bilbrannar.
mette.bjorberg.estep@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.09.2018 kl 19:40
Sist oppdatert: 06.09.2018 kl 07:40
- Eg kan bekrefte at det vil bli kalla tilbake bilar i Noreg også. Vi fekk beskjeden i dag, og så langt viser våre tal at 7.947 bilar blir kalla tilbake her, seier informasjonssjef Espen Olsen i Toyota Noreg til Dagbladet.
Rundt 1 million bilar som vart bygde mellom juni 2015 og mai 2018, blir kalla tilbake for ny sikkerheitssjekk. Om lag halvparten av dei er selde i Japan, mens i Nord-Amerika og Europa blir høvesvis 217.000 og 219.000 bilar kalla tilbake. Det er snakk om tre ulike modellar, Prius, Prius Plug-In og C-HR og berre frå åra som er nemnt.
- Det elektriske leidningsnettet kan kortslutte, noko som genererer varme. I verste scenario kan brannar oppstå i bilane, opplyser Toyota.
Ei talskvinne for Toyota Japan seier ho ikkje har kjennskap at Toyota-bilistar i landet har fått skadar som følgje av slike tekniske svikt, men legg til at det er vanskeleg å ha full oversikt over slike tilfelle.
Toyota har selt over 10 millionar hybridbilar verda over sidan 1997. I 2016 måtte selskapet kalle tilbake 3,3 millionar bilar verda over som følgje av problem med airbagar og kontrolleininga for utslepp.
(©NPK)
Det er snakk om tre ulike modellar, Prius, Prius Plug-In og C-HR og berre frå åra 2015-2018 som no blir kalla tilbake. Her ein 2018 Toyota Prius. Foto: David Dewhurst / Courtesy of Toyota Motor Sales / AP / NTB scanpix