Tre menn feilaktig fengsla grunna kommafeil

Tre rumenske menn sat fengsla i 15 dagar i Oslo på feil grunnlag. Dei blei sikta for å ha sendt 700.000 kroner til Romania. Det var eigentleg 7000,00 kroner.

Mennene i 20-åra kom til Noreg kort tid før dei blei arresterte av politiet 22. mai. Dei blei varetektsfengsla og sikta for grovt heleri. Alle tre blei lauslatne tysdag og siktingane mot dei er lagt bort.

- Det stemmer. Det har fått store konsekvensar for dei tre mennene og det syns vi er veldig beklageleg, seier politiadvokat Kai-Gunnar Nygård ved Oslo politidistrikt til NRK.

Mennene blei arresterte mens dei var i ferd med å sette opp eit koppespel i Oslo sentrum. Spelet er rekna som ulovleg.

Etter arrestasjonane meinte politiet at dei hadde overført store pengebeløp til Romania og at pengane stamma frå ulovleg aktivitet. To av dei blei sikta for grovt heleri, mens den tredje blei sikta for heleri fordi pengeoverføringane hans var av eit mindre beløp.

Ifølgje valutaregisteret overførte dei kvar for seg 435.000 kroner, 241.000 kroner og 47.500 kroner. Tysdag oppdaga politiet at dette var ein kommafeil, der kvart beløp hadde fått to nullar for mykje. Dei riktige beløpa var altså 4.350 kroner, 2.410 kroner og 475 kroner.

Feilen blei nemnt av ein av dei sikta i fengslingsmøtet. Dette blei han ikkje trudd på, men forsvararen hans kravde at politiet la fram meir dokumentasjon.

Dagen etter fengslinga sende advokat Jørgen Løvdal brev der han presiserte kva for ytterlegare etterforskingssteg han kravde. Mennene vil søke om erstatning for urettkommen straffeforfølging.

- Politiet har ettergått dette og sett at det var ein kommafeil. Konsekvensen var at dei tre blei sleppt ut umiddelbart i går, seier Nygård.

Han understrekar at dei beklagar dette overfor dei tre, og at feilen blir ettergått for å få klårskap i kva som gjekk gale.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse