Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Tre soldatar fekk heteslag då dei skulle gjennomføre opptaksprøven til spesialstyrken på Haakonsvern i Bergen måndag.
nina.holand@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 30.05.2018 kl 07:24
Hendinga skjedde undervegs i eit 5.000-meter testløp som er ein del av opptaket til marinejegerkurset i Marinejegerkommandoen, skriv NRK. Saman med Forsvarets spesialkommando utgjer dei Forsvarets spesialstyrkar.
- Eg kan bekrefte at tre kandidatar vart overoppheta. Dei fekk akutt medisinsk hjelp på staden, før dei vart frakta til sjukestova og deretter til sjukehus, seier talsperson for Forsvaret oberstløytnant Frank Sølvsberg.
To av personane vart skrivne ut av sjukehuset tysdag morgon. Den tredje ligg framleis til observasjon, men alle skal ifølgje oberstløytnanten ha det bra.
Bergen har dei siste dagane sett ei rad varmerekordar. Ved Flesland, som er nærmaste målestasjon til Haakonsvern, vart det målt til 24,5 grader klokka 15 måndag.
(©NPK)
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix